Logo
 Rafting Grad 4 på Voss

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt – og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!

 

Vasstanden avgjer om vi raftar i Strandaelva eller Raundalselva. Begge held topp internasjonal klasse, og vi garanterer ei fantastisk oppleving.

 

Strandaelva: Grad 3-4+, ca. 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen vår, med ni spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med storleiken på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!

 

Raundalselva: Grad 3-4+, ca. 7 km. Vi nyttar denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i månadane august og september. Raundalselva går gjennom eit vakkert og isolert juv, vekke frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og blir rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge, men samstundes ei av dei vakraste!